Skulane trener seg på sosial kompetanse

ART (http://art.diakonhjemmeths.no/)

Solabladet 14. oktober:

­Me skal ikkje få folk til å slutte å vere sinte. Dette er meir meint for å
kunne takle sinne, forklarer Egil Stangeland i Bufetat om ART-ordninga, som
orienterte lærarane på Dysjaland mandag.
(Foto: Eivind Motland)

Alle trenger å bli betre, seier Egil Stangeland i Bufetat. Tre skular i
Sola er med i eit forskningsprosjekt om sosial adferd.

EIVIND MOTLAND
eivind@solabladet.no

Sosial ferdigheitstrening, sinnekontrolltrening og moralsk
resonneringstrening er stikkord for ART-prosjektet som Tananger
ungdomsskole, Sola ungdomsskole og Dysjaland skule har blitt med på. ART er
ei forkorting for Aggression Replacement Training.
­ Det er ein menneskerett å få vere sint. Dette er trening i å  takle sinne,
forklarer Egil Stangeland om kva ART går ut på.

Tverrfagleg
ART er å trene på sosiale ferdigheiter, ikkje berre å snakke om dei.
Egil Stangeland og kollega Morten Sigurdsen frå Bufetat har vore på dei tre
skulane for å kurse dei tilsette. Med «sosial kompetanse» meiner dei
individet sin evne til samspel med andre i ulike situasjonar, der omgrepet
er knytta til kunnskaper, ferdigheiter og haldningar som blir brukt for å
mestre sosiale samanhengar. Dette er ein viktig faktor for å motverke
utvikling av problemåtferd som kriminalitet, vald, rasisme og mobbing.
­ Me er ofte på skular med dette opplegget. Det som er ekstra kjekt, er at i
Sola er det eit tverrfagleg arbeid me skal bruke dette i. ART er eit konkret
verktøy, seier Stangeland.

Smitteeffekt
­ Me har forska på korleis opplegget fungerer. Resultata viser ei klar
endring på at den sosiale kompetansen aukar. Vi kjem til å ha ART-grupper på
de tre ungdomsskulane, der elevane følger eit opplegg på 30 timar. Det blir
også tilsvarande grupper som berre får testskjema for å sjå om arbeidet vil
gje ein smitteeffekt, meiner Stangeland.
Ei nøytral kontrollgruppe er etablert i Randaberg. Den sosiale
ferdigheitstreninga er handlingskomponenten der deltakarane lærer kva dei
bør gjere. Treninga kan vere på enkle ting som å lytte til ein annan og
starte ein samtale, men også dei litt meir vanskelige tinga, som går på å
unngå bråk og handtere gruppepress.

Heilskap
Koordinator for samordninga av lokale kriminalitetsforebyggande tiltak (SLT)
i Sola, Helen Færøy, fortel at det er representantar frå fritid, barnevern
og utekontakt med i tillegg til skulane.
­ Då får du ein heilskap som gjer at vi kan sette inn samla ressursar
tidlegare. Det er unikt med denne ART-modellen. Med dette skal ein forsterke
positiv åtferd. Det er også med på å forhindre konfliktar mellom elev og
lærar. Det som gjer dette spennande, er at det blir jobba med same metodikk
på tvers av verksemdene og med ungdommane. Viss ein trivst, gir dette
positive ringverknader. Lykkast me, vil det også ha ei klart
kriminalitetsforebyggande effekt, meiner Færøy.